© Nancy Bundt

Gaustadagen 2018

Den tradisjonsrike og årlege Gaustadagen har som føremål å setje pris på og hylle naturgåva Gaustatoppen med opplevingsrike toppturar og eit stemningsfullt  kulturprogram på toppen, landets høgstliggande og mest naturlege scene og kulissar – alt under mottoet NATUR – KULTUR – FOLKEHELSE.

Ansvarleg arrangør: DNT Telemark, i samarbeid med Barnas turlag – Notodden og Tinn  og Rjukan turlag.

Initiativtakar og koordinator: Jon Ingebretsen

Gaustadagen og Gaustatoppen turisthytte prisar midtsommaren med toppturar, kulturarrangement og sesomgopning av turisthytta laurdag 23. juni, når døgnet er på sitt ljosaste også på Telemarks høgaste fjell, truleg med litt av den kvite og ljose snøkåpa framleis på plass.

Tradisjonsrik natursti.

Familievenleg og interessant natursti frå Stavsroe parkering til toppen har vore fast innslag i alle år, også i år, med premiering på toppen, alt i regi av Barnas turlag – Notodden.

Fleire turstiar.

Nytt av året er tips om at fleire fine, spennande og T-merka stiar kan gåast til topps, både med utgangspunkt ved Svineroi (lite parkering) og ikkje minst ved Selstali (parkering lengst bort frå setra). For å dokumentere at ein har gått ein av stiane, må ein vise bilde frå startstaden eller av spesielle element undervegs. Da vil ein vera fortent til å få diplom signert av Tinn og Rjukan turlag.

Samarbeid med Gaustabanen.

Gaustabanen går i ordinær trafikk for folk som vil nytte seg av den, både opp og ned eller ein av vegane.

Ny samlingsstad.

Dei kulturelle innslaga blir i år på dei flotte hellelagte områda ved turisthytta, eller som ei intimsamling  inne i hytta, dersom været slår seg vrangt. Turisthytta er «magneten» for turfolket uansett, og her vil det gjestfrie vertskapet by på noko ekstra i samband med opninga for sommarsesongen.

FAKTA:

Start på natursti frå Stavsroe kl. 09.00 – 10.30

Start på sti frå Selstali             kl. 08.30

Start på sti frå Svineroi           kl. 10.00

 

Kulturprogram ved hytta       kl. 12.00

Kjetil Flatland og Anne Gravir Klykken – song og musikk

Jon Ingebretsen – historie og fjellyrikk

Premiering av natursti frå Stavsroe

Diplom til fjellvandrarar frå Selstali eller Svineroi

Inga påmelding - gratisarrangement

© Nancy Bundt
© Steinar Talmoen
© Trond Stegarud
© Nancy Bundt
© Trond Stegarud
© Trond Stegarud
© Steinar Talmoen
Adresse

Stavsro
3660 Rjukan

Nedlastinger
Powered by tellUs

Kontakt

E-post: telemark@turistforeningen.no
Telefon: 35532555

Tider

Lør ( 23.06 - 23.06 ) Gaustatoppen

Kart

­
­
Developed by Aplia - Powered by eZ Publish and tellUsPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.