
Om
I denne nye julekonserten møtast tre musikarar med kvar sin innfallsvinkel inn i folkemusikken. Lars Jakob Rudjord og Johanne Flottorp kjem frå kvar sin kant av Agder, medan Anne Gravir Klykken kjem frå Telemark. Dei tre har bakgrunn frå fleire ulike sjangrar, men kjem alltid tilbake til røtene. Saman vil dei presentere ein sjelfull og uhøgtideleg julekonsert som inviterer lyttaren tett på.
I ei lun atmosfære kan publikum finne juleroen. Det blir skjemt og alvor, ljos og mørke, gammalt og nytt, stort og lite - akkurat som jula og livet sjølv.
Med ei blanding av tradisjonelle slåttar, viser, salmar og stev, og nyare låtar og arrangement av trioen, presenterer dei ein konsert med musikk knytt opp mot vinter, solsnu og jul. Konserten vil ta utgangspunkt i julemusikk og tradisjonar frå Sør-Noreg – eit område med ei rik kulturarv når det gjeld både jolesongar og folkemusikk. Denne musikken ber med seg historier og skikkar knytt til jula.
Anne Gravir Klykken – vokal, div instrument
Johanne Flottorp – hardingfele
Lars Jakob Rudjord – trøorgel, piano